Sentralt i Sveio, med utsikt mot Vigdarvatnet
Valvatne Bygg AS presenterer ein moderne prosjektert einebustad i Vassbakken; like ved Sveio sentrum og nærleik til Vigdarvatnet.
Bustaden er innhaldsrik med to etasjer, fire soverom, open kjøkkenløysing med Sigdal kjøkkeninnreiing, to bad, kjellerstove, walk-in garderobe og carport.
Her kan du sikre deg ein flott, innhaldsrik og moderne bustad i eit særs populært område med nærleik til skule, barnehage, butikkar og turområde!
Bustaden har to etasjar, og eit moderne og stilreint utvendig uttrykk. Bustaden er innhaldsrik med open stove-/ kjøkkenløysing, 4 soverom, to bad, vaskerom og kjellerstove. Store vindaugsflater sikrar godt med dagslys, og uteområdet og terrasse er vendt mot Vigdarvatnet.
Bustaden har gjenomgåande god standard, blant anna med kjøkkeninnreiing i merket Sigdal frå Stord Kjøkkensenter samt komplett sett med kvitevarer.
Det vert levert ventilert skorstin med ein liten peisomn. Carport og utvendig bod er etablert i tilstøytande område.
Du som kunde får høve til å setje ditt eige preg på bustaden gjennom ulike moglegheiter for tilval. Det kan blant anna vere endring av gulv, fargeval på kjøkken, fliser, pesomn m.m.
I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.
Vassbakken er eit attraktivt og roleg bustadområde i Sveio, kjend for sine naturskjønne omgjevnader og familievenlege atmosfære. Området passar godt for både familiar og andre som ønskjer ein fredeleg kvardag.
Her er det kort veg til både barnehage og skule, og Sveio sentrum er kun ein kort spasertur unna med ulike butikkar, kafèar og servicetilbod.
Tomta ligg kun eit steinkast unna Vigdarvatnet, med sitt flotte turterreng. Rett i nærleiken finn du også Sveio Golfpark; eit flott og allsidig anlegg, med ein 18-hols golfbane i naturskjønne omgjevnader. Her finn ein fine turstiar som kan nyttast av alle, og området er populært både for aktivitet og rekreasjon året rundt.
Idrettsanlegget i Sveio gir gode moglegheiter for både organisert idrett og eigenaktivitet. Her er det tilrettelagt for ulike aktivitetar, og anlegget fungerer som ein viktig møteplass for barn, unge og vaksne i nærmiljøet.
Prosjektfremdrift
- Planlegging
- SalgsstartMars 2026
- Byggestart
- Innflytting